Beitepusser

Beitepusser – mekanisk fjerning av gammelt gress, kratt, mose og ugress.

Er du interessert i beitepussing ring: 90 70 87 05 – eller send e-post til: post@jordbrukservice.no
Allsidig maskin for bl.a. pussing av beiter, veikanter etc. 210 meter arbeidsbredde. Hydraulisk sideforskyvning til høyre. Hammerkniver. Dybderull bak.
  • Gir liv i gammelt beite.
  • Kort avstand fra kutteorgan til dybderull gir eksakt kuttehøyde.
  • Kuhn stabilitet og robusthet.

Se også vår to-hjuls beitepusser for vanskelig terreng.

Lyssiv og knappsi spreier seg til også indre strøk av Hordaland. Mekaniske tiltak som beitepussing og ryddesag har gitt gode resultat. Av kjemiske middel er Mekoprop og MCPA dei mest aktuelle midla. Se også vår side om plantevern og ugrasbekjempelse

Vi har traktorsprøyte med 50 meter slange og 8 meter bom, samt ryggspøyte.

Se artikkel fra Norsk Landbruksrådgivning om tiltak mot lyssiv og knappsiv

Priser:

  • Med mann og traktor kr 690,- pr. time.
  • Utleie kun maskin – pr. påbegynt dag kr 2 950,-
  • Netto pr. 20 dager + 25 % mva.

Oppsummering av prosjekt – Beitepussing av setervollar i Oppdal.

Torhild Svisdal Mjøen

Ved Oppdal Forsøks- og Driftsplanring.

Pussinga har hatt ein heilt klar positiv effekt med omsyn til å minske tuvene og betre beitekvaliteten på vollane. Dei ferske tuvene vert beita og der det finst anna gras og urter, kjem dette meir etter kvart. Ein vert ikkje kvitt sølvbunken, men ein kan halde den i sjakk. Fuktige vollar har liten frøbank av anna gras, og det som kjem opp att mellom tuvene her, er sølvbunke. Di fuktigare marka er, di fortare veks tuvene opp att. Her er det heilt nødvendig å pusse kvar sommar i tillegg til beiting. På tørrare mark kan nok pussing annakvart år halde tuvene nede, om det i tillegg vert beita monaleg. Dei fleste vollane hadde liten frøbank av anna gras, men ein fann noko rappartar på dei tørre felta. Av urter var det helst soleie og marikåpe som kom, og desse aukar ikkje beiteverdien noko. På nokre felt auka andelen kvitkløver noko, og dette er positivt.

Ulike pussestrategiar, med vår pussing, vår og høstpussing med meir har ikkje gjeve noko klart resultat. Det viktigaste er å pusse ofte nok. I dalen veks sølvbunken fortare enn i fjellet og avbeitinga vert tilsvarande dårlegare. Blada skal vere ferske for at dyra skal beite dei. Der tuvene er store trivst ikkje beitedyra, og det vert for stor andel av gamalt gras til at dyra beitar der. Dei områda som vart pussa, tok dyra fort i bruk både til beiting, og som opphaldsplass. Vi fekk trakkskade på eit felt av di dyra var der for mykje, og vi måtte pusse rundt feltet òg. Der tuvene er store vert det mykje fynn etter pussinga. Om dette får ligge slik gjennom vinteren, får ein lett overvintringskader. Ut i frå dette vil vi ikkje anbefale høstpussing første gongen, utan at det vert beita der etterpå. Sjølv med vårpussing første gongen er det viktig med beiting om sommaren for å rote opp i den fynna som vert liggande.